Pust ut – pust inn

pustutDenne boka bidro jeg med en novelle i.

Anmeldelse fra Bergens Tidene
Dato: 1999-06-03
Utgave: Morgen
Side: 18

Dei unge forfattarane har noko på hjarta – og evne til å gi det litterær form.

«Hvordan er det å forsøke å bli voksen (…) når hele den kulturelle energien hvisker deg kropp, kropp, kropp, sex, sex, sex inn i øret?» Ut frå ein slik kulturanalyse har Gyldendal Tiden invitert ungdom til å skriva noveller. 1990-åra er eit førebels «høgdepunkt» i nedbrytinga av våre sjølvbilete. Media-, mote- og musikkindustrien ropar sine bodskapar ut kvar dag, om vakre kroppar, sexy kroppar – opp og ned og i mente. Allereie førskulebarn har greie på slanking. I denne kulturen skal unge menneske finna seg sjølve, og helst skal dei komma ut på hi sida av ungdommen forsona og trygge. Vi veit at det kan vera vanskeleg.

I pust UT – pust INN skriv 35 unge noveller om ungdomserfaringar. Dei skriv om vennskap og forelsking, og dei skriv i større grad om kjærleik enn om sex. Dei skriv om kropp, særleg om kroppar som ikkje svarar til dei ideala som perverterer forholdet til mat, til andre menneske og til ein sjølv. Mange av desse unge skrivarane viser gode takter til språkleg sensitivitet og utprøving av skriftstemmer. I Kristine Magnus si kjærleiksnovelle dannar raudfargen eit kjensleladd felt. Biletet av Silja, jenta «jeg» elskar, blir framstilt som ein raud flekk på auga til forteljaren: «Jeg klipper den bort og gjemmer den». Retorikken blir vidareutvikla fram til siste linje: «Hele kroppen er en rød dam». I «Skala» let Tine Aandalen hovudpersonen bearbeida ei kjærleikserfaring gjennom ei skalaøving ved pianoet. Tonenamna (c, d, e …) utgjer ein parafrase av forteljinga om forholdet mellom Cecilie og David.

Johanne Solhaug Hille si novelle består av tre ord: «Jeg elsker deg». Mellom kvart ord plasserer ho parentesar på om lag ei halv side, og i desse parentesane blir ei kjærleiksoppleving oppsummert. Kari Bu strukturerer sin tekst kring namnelister over dei mest/minst populære i klassen og fortel slik om det å finna sin plass i høve til felleskapen. Teksten har ei ironisk og kjøleg overflate, men under dirrar sterke kjensler. Denne novella er ei av dei beste i boka. Desse forfattarane har noko på hjarta, eit engasjement ein kan sakna elles i litteraturen. Stundom kan ropeteikna bli vel mange og tematikken vel tydeleg. Men viljen og evna til å gi erfaringar og refleksjonar språk og form blir ståande, og overtyder.

Ingeborg Mjør

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Filed under Uncategorized

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s