Professor Gundersens irrasjonelle skepsis

Det er nærast ei naturlov: Når advokat Cato Schiøtz opnar munnen om Snåsamannen, er professor Kristian Gundersen på pletten for å forsvara fornuft og rasjonalitet. Men det «vitskaplege» verdssynet Gundersen forfektar er alt anna enn rasjonelt.

JF
GJESTEBLOGGER
Jarle Fagerheim er min samboer.

 

Skal vi tru Gundersen og naturvitarar flest, lever vi i ei objektiv, fysisk verd av materie. Alt vi opplever i denne verda er resultatet av korleis abstrakte lover verkar på elementærpartiklane. Når vi er i stand til å oppleva noko som helst, er det fordi partiklane i hjernen vår er skrudde saman slik at dei gjev oss eit indre liv av sanseinntrykk, tankar og kjensler. Utan hjerne, inga oppleving.

Problemet er dette: Vi har ingen «objektiv» grunn til å tru at hjernen gjev oss noko sant inntrykk av den verkelege verda. For alt vi veit lever vi i ein datasimulasjon. Vi kan aldri få vita noko anna enn hjernen fortel oss. Men kvar kom ideen om ei objektiv, fysisk verd frå til å byrja med? Frå den same hjernen som vi ikkje kan lita på!

Ein rasjonell skeptikar er altså nøydd til å tvila på at universet verkeleg eksisterer. Det er ingen tvil om at vi opplever eit univers, men at universet eksisterer hinsides og uavhengig av denne opplevinga, og attpåtil skapar henne, er ein spektakulær påstand. Ein så ekstraordinær hypotese må forkastast dersom det finst ei mindre uturleg forklaring på det vi opplever. Og det gjer det.

Eg tenkjer, altså er eg. At eg har eit indre liv er det einaste empiriske faktum eg kan slå fast utan fnugg av tvil. Nesten like sikkert kan eg slå fast at Kristian Gundersen òg har eit indre liv. Dessutan opplever eg den same «fysiske verda» som Gundersen. Men den fysiske verda er like fullt ei oppleving frå ende til anna: ei kollektiv oppleving, ein slags delt draum.

Den enklaste forklaringa på det er at det berre finst éin draum, ei einaste underliggjande oppleving. Tenk på ein malstraum i eit elvestryk. Straumen er ein varig, «separat» del av elva. Men djupast sett er malstraumen berre ein straum av vatn, akkurat som resten av elva. På same måte som ei elv kan innehalda fleire malstraumar, kan vi tenkja oss at den same røyndomen (på bokmål: ‘virkeligheten’) inneheld mange ulike individuelle opplevingar. Det nynorske ordet treff spikeren på hovudet: Alt som finst er verda vi røyner, altså opplever.

I motsetnad til ideen om ei objektiv, fysisk verd, føreset dette synet ingen ting anna enn det vi kan røyna direkte. Alt vi gjer er å sjå den individuelle opplevinga — som openbert eksisterer — som ein del av ein større røyndom. Ingen går rundt og trur at det vi opplever i ein nattedraum eksisterer uavhengig av draumen. Vi vaknar om morgonen og innser at røyndomen er større. På same måte har mange menneske opplevd å «vakna opp» frå den daglegdagse opplevinga til ein endå større røyndom, til dømes med hjelp av psykedelika eller meditasjon.

At «naturlovene» forklarar alt vi opplever er ingen vitskapleg konklusjon. Det er ein trusartikkel som går religiøse skrifter ein høg gang. Det einaste vi kan slå fast er at naturlovene forklarar naturen. Men naturen er berre det røyndomen ser ut som i vanleg, vaken tilstand. Naturen er ikkje røyndomen, berre eit bilete av han. Å bruka den vitskaplege metoden for å finna ut kva røyndomen er, er som å prøva å finna ut kva Mona Lisa tenkte ved å studera måleriet til Da Vinci.

Når Kristian Gundersen prøver å løysa Snåsakoden med den vitskaplege metoden, minner det om mannen som insisterer på at han har mista brillene sine under eit gatelys. Sjølv om brillene openbert ikkje ligg der, held han fram med å leita — for det er jo der lyset er.

Heldigvis har vi all grunn til å tru at røyndomen er større enn det vitskapen kastar lys over. Som Richard Conn Henry, professor i fysikk og astronomi ved Johns Hopkins-universitetet, skreiv i eit essay i tidsskriftet Nature for nokre år sidan: «Universet er immaterielt — mentalt og andeleg. Live, and enjoy.»

matrix

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Filed under Kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s